Tilleggsforhandlingar om gjødsel og bygningsmateriale
Det opplyser Norsk Bonde- og Småbrukarlag i ei pressemelding.
Saman med Norges Bondelag hadde dei fremja krav om at også auka prisar i kraftfôr-marknaden og auka prisar for elektrisk kraft skulle inngå i forhandlingane. Her vart dei berre delvis møtte.
Det vart fredag send omforeint oppdrag frå partane til Budsjettnemnda for jordbruket for å få gjennomført nye vurderingar for handelsgjødsel og bygningsmateriale.
– Vi synest det er positivt at Statens forhandlingsleiar viser vilje til å kompensere for den ekstreme prisoppgangen på handelsgjødsel og bygningsmateriale, seier leiar Kjersti Hoff i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
Ho er likevel skuffa over at dei ikkje vil diskutere straum og fôr.
– Prisoppgangen på straum har vore endå meir eksepsjonell så langt i 2021 og vi meiner òg at prisutviklinga på dei internasjonale marknadene for råvarer til kraftfôrindustrien vil medføre betydelege kostnadsaukar for norske jordbrukarar framover, seier Hoff.
– Dette er kostnadsaukar som det ikkje er tekne høgd for i grunnlagsmaterialet og som derfor vil slå negativt ut på ein allereie svært pressa økonomi i norsk jordbruk. Vi er derfor skuffa over at staten ikkje ønskjer at Budsjettnemnda skal gjere nye prognosar for desse to viktige kostnadsfaktorane, legg ho til.
(NPK)