Til VM med to gjetarhundar
På ei ekre på Mo i Vikedalsdalen kan ein høyra svake pip frå ei hundefløyte. Den som sørgjer for om innblåsingane skal vera korte, lange, sterke eller svake, er Jane Espevoll. Å sjå reaksjonsmønsteret til hunden Saga er reint imponerande, for den er på hogget frå første sekund. Saga reagerer lynkjapt på både fløyta og kommandoane frå matmor. Mens desse to øver på å kontrollera ein flokk sauer, står seks år gamle Iris i band borte ved gjerdet. Ho dirrar etter å koma i gang med treninga.
— Dei er ivrige begge to, og det beste i verda er å senda sauene til sommarbeitet. Då er dei heilt i hundre, seier 27-åringen frå Vikedal.
VM for andre gong