Til verftet for vedlikehald
— Transocean Spitsbergen kom inn i går kveld, og skal inn til klassing og oppgraderingar, opplyser riggsjef Malvin Eide i Westcon Yards til Grannar onsdag ettermiddag.
Tidlegare på dagen var boreriggen godt synleg frå Romsa-øyane. Eide fortel at det å klassifisera ein borerigg kan samanliknast med å senda ein bil på EU-kontroll.
— Dei må jamnleg inn på hovudklassing og mellomklassing. Denne skal på hovudklassing, som må gjerast kvart femte år, seier Eide.