Fire parti – Raudt, MDG, Venstre og KrF – vaker rundt sperregrensa på 4 prosent. Hamnar to av dei under, vil fleirtalet til Ap-leiar Jonas Gahr Støres draumeregjering truleg vere sikra med 87–88 mandat, viser utrekningar.
— Det er likegyldig kven av dei som hamnar under streken. Resultatet blir det same, seier Johan Giertsen i Poll of polls til NTB.
To ting
Støres håp om ei regjering med fleirtal bak seg står og fell på to ting, meiner Giertsen.
— Veg nummer éin er å hente fleire veljarar. Ap veks ofte litt i innspurten av ein valkamp, og det vil ikkje vere noka bombe om Ap gjer det litt betre i valet enn på målingane, seier Giertsen til NTB.
Den andre vegen er altså at minst to av småpartia hamnar under sperregrensa og dermed ikkje har krav på utjamningsmandat. Om alle fire hamnar over sperregrensa, ryk Støres håp om fleirtal.
Støre vil dermed tene på at også Raudt og MDG hamnar under streken.
Føresetnaden for utrekninga er at oppslutninga om partia ikkje endrar seg stort jamført med septembersnittet til Poll of polls.
Snittmålinga gir Ap 23,8 prosent av stemmene, medan Høgre får 19,4, Sp 12,7, Frp 11, SV 9,6, Raudt 5,5, Venstre og MDG 4,8 og KrF 4,1 prosent av stemmene.
Må kjempe hardt
Valforskarane har lenge peika på at årets stortingsval har vore prega av ein venstrevind, særleg for partia til venstre for Ap. Men biletet kan vere i ferd med å endre seg.
Frå å ha vorte spådd eit gjennombrot, slåst MDG no hardt mot sperregrensa. For partiet står kampen no først og fremst i Oslo.
KrF har gjort det svakast på målingane i månadene før valet, men dei siste vekene ser partiet ut til å ha fått mange veljarar ned frå gjerdet. På snittmålinga ligg partiet likevel dårlegast an.
I tillegg har Senterpartiet vore i fritt fall sidan juli, medan Frp har byrja å ta igjen noko av det tapte. Dersom Frp igjen blir dei tredje største partia i landet, krympar sjansen for at ei raudgrøn trepartiregjering får fleirtal.
Knip inn forsprang
I tillegg har den borgarlege blokka byrja å knipe inn på forspranget til venstresida. Det kan svekkje sjansane for at ei raudgrøn regjering får fleirtal.
I byrjinga av august hadde partia på venstresida ei samla oppslutning på 58,3 prosent mot 38,4 på borgarleg side på fylkesmålingane. Den raudgrøne blokka leidde dermed med 19,9 prosentpoeng, ifølgje Poll of polls.
Vel ein månad seinare er forspranget redusert til 15,6 prosentpoeng.
På gjennomsnittet for landsmålingane i september er likevel avstanden mellom dei to blokkene litt større – 17,8 prosentpoeng.
NRKs siste supermåling torsdag viser derimot motsett tendens: Der er avstanden 13,8 prosentpoeng.
Eit gjennomsnitt av målingane i september gir dei tre partia i alt 81 mandat. Blir landstendensen frå dei siste målingane i sju fylke lagt til grunn, er talet endå lågare – 79 mandat.
Fire av ti har førehandsstemt
I årets val har talet som førehandsstemmer, allereie slått alle rekordar.
Fredag morgon hadde nær fire av ti stemmeføre levert stemma si, og allereie på formiddagen var det lange køar utanfor stemmelokala.
I år ligg det dermed an til at éin av to som faktisk stemmer, har gjort det på førehand. I valet i 2017 utgjorde førehandsstemmene 36,1 prosent av alle avlagde stemmer.