Terje (68) har ingen planar om å gi seg etter 38 år på same arbeidsplass
I 38 år har Terje Bjørgen gått på jobb ved Fiskå Mølle. Nyleg fekk han Noregs Vel sin medalje for lang og tru teneste, og han har ingen planar om å gi seg. For no skal selskapet investere for framtida, og det vil 68-åringen vere med på.
— Eg trudde eg berre skulle på eit vanleg personalmøte, og ikkje noko meir, ler Terje Bjørgen.
Joda, om lag halvparten av dei 15 tilsette ved Fiskå Mølle i Etne var rett nok på plass på lunsjrommet tidleg måndag ettermiddag. Men dei var der for å heidra kollegaen sin, som skulle få Det kongelege selskap for Noregs Vel sin medalje for lang og tru teneste. Dagleg leiar Tom Hardeland stod for utdelinga, akkompagnert av applaus frå kollegaen. Og både marsipankake, pizza, kaffi og brus hadde sjefen diska opp med.
— Det var veldig kjekt, seier Bjørgen.