Tapet som aldri slepp taket
87 år gamle Kirsten Holm frå Etne var berre sju år då freden kom til Noreg. Men mens flagga vaia og songane ljoma mellom fjella heima i Torsnes i Hardanger, sat familien hennar i djup sorg.
Datoen 8.mai markerer det store vendepunktet i norsk historie: slutten på fem mørke år med krig og okkupasjon. I dei fleste heimar blei dagen feira med flagg, bunad og glede. For Kirsten Holm og familien hennar, var det ein dag som kom midt i sorga. Tre månader før, i februar 1945, mista dei faren sin då rutebåten Austri blei bomba av britiske fly utanfor Stord. Tapet har prega heile livet hennar.
Fredsdag – og ei mor i sorg
Kirsten var sju år gammal den 8. mai 1945, og huskar godt korleis fredsdagen vart markert i Hardanger, der ho vaks opp.