Svindla NAV for over 90.000 kroner

Mannen frå Grannar-distriktet svindla NAV i fleire månader, men slepp å sone. Mellom anna fordi saka vart liggjande lenge hos påtalemakta.

Publisert Sist oppdatert

Mannen i 30-åra er i Haugaland tingrett dømt til 21 dagars fengsel på vilkår etter at han i fire månader i 2017 held fram med å sende inn elektroniske meldekort til NAV kor han opplyste at han var arbeidsledig. Dette til tross for at han hadde fått jobb i eit anleggsfirma. Til saman fekk han utbetalt litt over 90.000 kroner frå NAV som han ikkje hadde krav på.

Slepp soning

Retten slår fast at det normalt, av allmennpreventive omsyn, skal reagerast strengt på brot på regelverket for meldekort. Men i denne saka fann retten fleire formildande omsyn som tala for lågare straff.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS