Klokka er halv to på laurdag føremiddag og det er cirka 60 bilar på parkeringa på Opheim. Olalia er eit populært utfartsmål i haustsola, og mange vel å bruke fridagen sin på å gå tur, anten det er saman med vener, familie eller ein joggetur åleine.
Elin Færaas, Kjersti Sørbotn og Kari L. Hunsvedt frå Haugesund er nokre av dei som er på tur i haustvarmen. Dei synest ingenting er kjekkare enn når det er meldt fint vêr i haustferien.
– Me prøvar å gå tur så ofte me kan, og har vore oppe på den gamle Olalia-hytta før dei bygde den nye, seier Kari Hunstvedt.