Strålande julespel
Dei har skrive tekst, laga film, sett saman dansenummer og øvd inn musikk. Elevane på mellomtrinnet ved Enge skule har jobba knallhardt for å sy saman årets juleførestelling.
Dei ulike klassestega ved barne-og ungdomsskulen i Etne har årleg ei eiga framsyning med eit program dei har øvd inn i skuletida. Mellomsteget har tradisjon for å stella til julespel og i år har dei fantasirike elevane stått for heile førestellinga på eiga hand. Det har dei klart med glans.
— Elevane har stått for alt sjølv. Me har hatt ulike grupper som har fordelt oppgåvene. Drama har laga tekstane og dei med god fantasi blei tatt ut til å skriva. Media har laga film. Dansegruppa har laga dansenummer, og dei som var med på juleverkstaden har baka og støypt lys, fortel dei tre tolvåringane Lena Øverland, Gerd Sigrid Bjørgen og Mette Amalie Kringlebotten.
Alle tre har vore med i mediagruppa og har jobba intenst dei siste to vekene for å få alt klart til den store premieredagen i kulturhuset i Etne.