Vindafjordlaget fekk sin første siger for sesongen. Frå venstre Trygve Hustvedt Lærdal, Toralf Stople, Leif Vestbø, Martin Vestbø og Kjell Andre Steinsland. Bildet er frå førre kamp mot Ølen. Foto: Privat
Vindafjordlaget fekk sin første siger for sesongen. Frå venstre Trygve Hustvedt Lærdal, Toralf Stople, Leif Vestbø, Martin Vestbø og Kjell Andre Steinsland. Bildet er frå førre kamp mot Ølen.

Storspel og første trepoengar

Publisert Sist oppdatert
Vindafjord IL sitt ferske 7. divisjonslag tok sin første siger då dei møte Nedstrand på bortebane i tredje serierunde tysdag kveld. Og det var på ein imponerande måte.
Heile 1-7 stod det i dommarprotokollen då kampen var over.
Gjestene frå Vindafjord kunne gå til pause med komfortable 0-4. Petter Nordskog opna målkontoen med å hamra ballen sikkert inn på frispark frå 18 meter. Eitt minutt seinare var den målfarlege Nordskog på plass i gjen og trilla ballen i nota.
Trenar og potet, Oliver Vestbø sørgde også for to nettkjenningar før pause.
Rapportane fortel at andre omgang heldt fram med stor Vindafjord-dominans. Trygve Hustvedt Lærdal, Petter Nordskog og Sondre Asheim signerte nye storslagne mål. Petter Nordskog ordna Vindafjord sitt første hattrick på 30 år og går opp i leiing som toppskårar for Vindafjord denne sesongen.
Vertane kvitterte éin gong etter sidebytte og Vindafjord vann dermed seriekampen 1-7.

Tabellen menn 7. divisjon avd. 03

Lag Spelte kamar Poeng
1 Ølen 2 2 6
2 Sauda 2 4
3 Vindafjord 1 7er 3 3
4 Rubbestadnes 2 1 3
5 Bjoa M 7er 2 1
6 Bømlo 1 0
7 Nedstrand 7er lag 1 0

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS