Storslagen gjest

Dette store cruiseskipet la ein tur innom fjordane i Vindafjord kommune i helga. Laurdag morgon […]

Publisert Sist oppdatert

Dette store cruiseskipet la ein tur innom fjordane i Vindafjord kommune i helga. Laurdag morgon kl 09.30 kunne dei av vikedalsbuane som var vakne, sjå det storslagne skipet Mein Shiff», på veg inn mot hamna i Vikedal.

Og dei som framleis sov, slo kanskje opp auga då kapteinen helsa god morgon» fleire gonger med skipshornet. Det storslagne skipet sette også kursen inn mot Yrkesfjorden før det snudde sørover og forsvann.

Truleg er det første gong ein så stort cruiseskip har vore innom Vikedal, eller så må det vera mange år sidan.

Ombygd

Det 264 meter lange og 32 meter breie skipet har vore innom ei rekkje kjende stader langs norskekysten i sommar, som Trondheim, Flåm, Geiranger og Bergen. På denne fridagen» valde kapteinen ei noko uvanleg rute, og nytta den vakre dagen til å vitja festivalbygda Vikedal. Skipet kom frå Bergen og skulle vidare til Oslo søndag morgon.

Ifølgje nettavisa NB24.no er dette ein gamal travar i norske farvatn.

Skipet tilhøyrande Royal Caribbean-rederiet Celebrity, er nyleg ombygd for 450 millionar kroner, og har fått ny stil og nytt namn. Galaxy» blei under ein stor festivitas i Hamburg i mai, døypt til Mein Schiff».

Skipet er tolv år gamal, har 962 lugarar og plass til nesten 2.000 passasjerar.

Powered by Labrador CMS