Støre: Ikkje aktuelt å innføre resten av den omstridde EU-pakken
Det er ikkje aktuelt å innføre dei resterande fem direktiva i EUs energipakke, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
NPK: – I ein situasjon med så stor ustabilitet i dei europeiske kraftmarknadene, er det ikkje aktuelt for Ap å innføre dei andre fem direktiva i EUs fjerde pakke, seier Støre.
– Vi har vårt eige kraftsystem. Kvart direktiv skal vurderast kvar for seg, det er vårt ansvar. Slik det ser ut no, er det ikkje i norsk interesse, og det er sakleg grunngitt. Eg forventar at det er noko EU også forstår, det utfordrar ikkje truverdet til EØS-avtalen, seier han.
– Vi gir denne tydelege bodskapen: Det er ikkje aktuelt å innføre dei neste periode, legg han til.