Ap-leiar Jonas Gahr Støre under regjeringsforhandlingane mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet på Hurdalsjøen Hotell fredag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Ap-leiar Jonas Gahr Støre under regjeringsforhandlingane mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet på Hurdalsjøen Hotell fredag.

Støre: — Det er veldig god stemning

Ap-leiar Jonas Gahr Støre og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum stakk hovudet ut frå regjeringsforhandlingane i Hurdal for å helse på pressa.

Publisert Sist oppdatert
Dei to partileiarane byrja møteverksemda på Hurdalsjøen Hotell klokka 10 fredag formiddag.

Snautt fire timar seinare gjekk møta framleis føre seg, men då NTB og TV 2 stilte seg opp utanfor hotellet for å spionere på dei gjennom vindauget, reiste Vedum seg opp og opna vindauget for å slå av ein prat.

— De er så tolmodige, sa han.

— Kva kan du melde?

— Nei, no skal eg berre ha luft.

Kort tid etter kom òg Støre bort.

— Legg merke til humøret her, sa Støre muntert.

— Er det god stemning?

— Det er veldig god stemning, sa Støre.

— Vi jobbar no godt på, supplerte Vedum.

Så lukka dei vindauget og heldt forhandlingane fram, som har gått føre seg i djup fortrulegheit og med få lekkasjar.

Droppet stortingsmøte

Støre og Vedum skulle eigentleg ha vore i Stortinget fredag for å ha delteke under den formelle godkjenninga av valresultatet, Men dei to partileiarane droppa møtet for å forhandle vidare.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet har dei siste dagane vore i intensive forhandlingar for å hamre ut ei ny regjeringsplattform.

Forhandlingane er i sluttfasen, og NTB veit at det i Arbeidarpartiet er håp om at regjeringsplattforma skal kunne bli lagt fram søndag.

Det er òg mogleg at forhandlingane vil halde fram inn i neste veke.

Løfte om krafttak for psykisk helse

Torsdag kveld fekk partitoppane i Hurdal òg besøk av AUF-leiar Astrid Hoem og Senterungdommens leiar Torleik Svelle, som vart på hotellet til fredag for å komme med innspel til forhandlingane.

Før dei drog frå hotellet igjen, fekk Hoem og Svelle æra av å presentere eit nytt semjepunkt frå forhandlingane: eit løfte om eit krafttak» for psykisk helse for unge.

Ifølgje Hoem og Svelle har Arbeidarpartiet og Senterpartiet vorte samde om ein opptrappingsplan som skal styrkje tilboda både i kommunane og på sjukehusa, med ei særleg satsing på barne- og ungdomspsykiatri.

Semja inneber at:

• det skal bli gitt hjelp utan tilvising

• offentleg psykisk helsehjelp skal bli gratis for pasientar til og med 25 år

• skulehelsetenesta skal styrkjast gjennom ein konkret opptrappingsplan

I tillegg blir det varsla investeringar i digitale tenester og tiltak for å korte ned ventetida på utgreiing.

Klimainnspel

Dei to ungdomspartileiarane løfta òg fram klima som eit tema som det var viktig for dei å komme med innspel på.

Ved avreise fredag konstaterte Hoem det ho kalla ein ærleg usemje» om oljepolitikk.

— Vi får sjå kva dei blir samde om, sa ho.

— Men vi har i alle fall vore tydelege på kva som er viktig for oss.

AUF krev stans i oljeleitinga, noko Ap og Sp ikkje har vore villige til å gå med på.

Svelle var litt meir håpefull:

— Vi har i alle fall hatt gode samtalar med gjengen og opplever at vi har vorte tekne på alvor og lytta til. Eg trur det kjem til å synast godt, også i klimakapittelet, sa han.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS