Vasking av mjølkekjerald og kinne i bekken på stølen i Middalen. Frå venstre: Einride Aakra, Magnhild og budeia Tordis Tvedten frå Ølen. Foto: Privat
Vasking av mjølkekjerald og kinne i bekken på stølen i Middalen. Frå venstre: Einride Aakra, Magnhild og budeia Tordis Tvedten frå Ølen.
Ågot Vågslid på stølen i Middalen. Ho blei gift med Olav Aakra. Foto: Privat
Ågot Vågslid på stølen i Middalen. Ho blei gift med Olav Aakra.
Markhus hamn.Foto: Privat
Markhus hamn.
Nore Bjønndalen.Foto: Privat
Nore Bjønndalen.
Sjømenn på veg til Panama.Foto: Privat
Sjømenn på veg til Panama.
Stølshus i Middalen 1940.Foto: Privat
Stølshus i Middalen 1940.
Årbok 2021
Årbok 2021

Stølsliv, husmenn og sjøfolk i gamle dagar

Korleis livet arta seg på stølen for dei yngste i familien er ein av mange interessante artiklar som blir presentert i den årlege årboka til Etne Sogelag, i år nummer 38 i rekkja.

Publisert Sist oppdatert

Endre Aakra heitte han, og vart fødd i Åkra i Sunnhordland i 1862. Slik startar artikkelen til Einride Aakra om barne-og ungdomsår på stølen i Middalen. Endre Aakra var bestefar til Einride og starta med stølsdrift etter at han som ungdom leigde ein støl og fjellbeite på Ulevå i Vinje. Etter at Endre sin son, Olav, fann seg ei jente frå Vågslid, som også vaks opp med stølsdrift, var det naturleg at stølsdrift blei ein del av kvardagen for ekteparet og borna deira. Sjølv var Einride berre rundt 3 år gamal då han saman med mor, far og to søsken fekk vera med inn til Middalen for første gong. I åra som kom skulle det bli mange turar inn til stølen der arbeid frå morgon til kveld i sommarhalvåret måtte til for å ysta ost av geitemjølk og passa kyr på beite. Og når dagens oppgåver var unnagjort var det tid for å slappa av med god mat, ein livleg prat og litt kortspel.

Husmannsliv og sjømannsliv

Eit mindre utdrag av Reidar Berge sitt omfattande arbeid med å forfatta historia til busetjarane i Bjønndalen frå tidleg 1700 til midten av 1800-talet er å finna i årets årbok. Her får lesarane kjennskap til kven som har budd på husmannsplassen, korleis husa såg ut og om små og større tvistar knytt til bruk, leige og skattekrav.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS