Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Statsforvaltar Bent Høie meiner vilkåra for byggjestartdispensasjon for eit datasenter i Rogland ikkje er oppfylte. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK
Statsforvaltar Bent Høie meiner vilkåra for byggjestartdispensasjon for eit datasenter i Rogland ikkje er oppfylte.

Statsforvaltaren i Rogaland seier nei til byggjestart for datasenter

Publisert Sist oppdatert
Statsforvaltar Bent Høie ber Time kommune seie nei til søknaden frå selskapet Green Mountain om å setje i gang med bygginga av eit stort datasenter.

– Statsforvaltaren kan ikkje sjå at Time kommune kan gi dispensasjon for oppføring av næringsbygg til første byggjetrinn av eit datalagringssenter, står det i eit høyringssvar, ifølgje Jærbladet.

Time kommune ligg sør for Stavanger og Sandnes. Der vil Green Mountain byggje eit datasenter som eit stort teknologiselskap skal nytte seg av, ifølgje selskapet sjølv.

Høie meiner ein byggjestartdispensasjon vil vere i strid med vilkåra for dispensasjon i plan- og bygningslova, mellom anna at kommunen må ha nok kunnskap og ha sikra samordning før vedtaket blir gjort.

Green Mountain har sagt at det er viktig å komme raskt i gang med bygginga. Selskapet ønskjer å fullføre første byggjetrinnet seinast i januar 2025, medan siste byggjetrinnet bør vere ferdig i 2027, ifølgje dei.

Powered by Labrador CMS