Startskot for tryggare skuleveg
I dag må dei gå eller sykla langs eit smalt fortau for å koma til skulen. Men når den nye miljøgata gjennom Vikedal sentrum står ferdig kan 9 år gamle Simen Hustveit Andreassen og resten av skuleungane ferdast trygt både til skule og idrettshall.
— Nå er det litt trongt på fortauet, og av og til er det masse bilar. Det blir bra når det blir ferdig. Då skal me sykla til skulen, seier 4. klassingane Simen Hustveit Andreassen, Bård Grimås Stråpa og Ida Fosen.
Denne dagen har dei tre 9-åringane frå Opsal i Vikedal fått i oppgåve å markeringa arbeidsstart for vegprosjektet, og ein etter ein får dei svinga spakane på gravemaskinen og ta dei første jafsa av bøen der ein planlagt gang- og sykkelveg direkte frå skulen til idrettshallen er planlagt.
— Det var veldig enkelt, seier 9-åringane etter at oppdraget er vel utført.