Med fleire eldre i framtida kan det bli behov for auka kapasitet ved omsorgssentra.Illustrasjonsfoto
SSB-framskriving: Det blir stadig fleire eldre
Folketalet er venta å stiga til over 6 millionar her til lands i 2060. I Etne er det spådd nedgang i folketal fram mot 2060, medan Vindafjord får ein svak vekst.
I 2022 var det registrert 5,43 millionar personar her til lands. Ei befolkningsframskriving frå Statistisk sentralbyrå viser at dersom befolkningsutviklinga frå dei siste ti åra fortset, er det 80 prosent sannsynleg eit forventa folketal i 2060 på mellom 5,5 og 6,8 millionar. Dette viser at usikkerheit rundt hovudalternativet på 6,1 millionar er stor. Uvissa varierer mykje med alder og mellom ulike deler av befolkninga.
Levealder
I fleire tiår har SSB forventa ein auke i levealderen, og dermed ein veksande del eldre i den framtidige befolkninga. Også framskrivinga frå 2022 viser sterk aldring. Framskrivinga viser også ei sterk aldring for befolkningsgruppa som består av innvandrarar.