Nakstad seier ei ny smittebølgje kan komme når kvardagen tar til i haust.
Foto: Javad Parsa / NTB/NPK
Spår smitteauke til hausten
Bølgja i sommar med korona har truleg passert toppen, men helseekspertar trur at smitten vil auke igjen til hausten.
– Sjølv om pandemien har vart i to og eit halvt år må vi førebu oss på nye smittebølgjer i Noreg allereie til hausten og til vinteren, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad til VG.
Smittebølgja i sommar med covid-19 har passert toppen, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI). Førre veke vart 252 nye pasientar lagt inn med korona som hovudårsak. Det er ein nedgang på nesten 70 frå veka før.
– Når kvardagen er tilbake og vi møter fleire menneske igjen, vil smittespreiinga ganske sikkert auke, seier Nakstad.