Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) er lysten på fire nye år som Etne-ordførar. Ved valet i 2019 gjorde partiet eit brakval lokalt og fekk over 38 prosent av røystene.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Sp klart størst og aukar i Etne
Teljinga av røystene frå Etne kommune er ferdig. Sp er klart størst med 28,6 prosent og går opp heile 5,9 prosentpoeng samanlikna med valet i 2017.
Frp er nest størst med 19,1 prosent, men må tåle ein tilbakegang med 2,0 prosentpoeng.
Ap går fram 0,5 og ender på 16,5 prosent og er tredje størst.