Soria Moria for dei fattige?
Kristelig Folkeparti har i sitt budsjettframlegg prioritert dei fattige. Me vil bruka 295 mill. kroner […]
Kristelig Folkeparti har i sitt budsjettframlegg prioritert dei fattige. Me vil bruka 295 mill. kroner meir enn regjeringa på målretta tiltak mot fattigdom i Noreg, mellom anna til bustønad, rusomsorg og billigare barnehage for dei med lågast inntekt.
Aftenposten skreiv på leiarplass 17. november at det verkar smålig at regjeringspartia ikkje eingong kan gjenta fjorårets beskjedne budsjettavtale med Kristelig Folkeparti, som har ein meir ambisiøs fattigdomssatsing enn regjeringa». Er dei raud-grøne verkeleg nøgde med regjeringa si innsats for å redusera fattigdomen her i landet?
i>Ingebrigt S. Sørfonn
stortingsrepresentant, KrF