Det ligg an til å bli ein regntung og varm julekveld i distriktet.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Sommarvêret» kan bli vått i fellesferien
Skal ein tru prognosane som nyleg kom for vêret inn mot fellesferien, så ser det ikkje ut til at det blir rekordsommar verken vêr- eller temperaturmessig i år. Tidlegare i sommar har det vore eit svært regnprega vêr.
Frå 11. juni til 11. juli har det vore nedbør i varierande grad i 22 av 30 dagar. Det har vore alt frå 0,2 mm til opp imot 24,6mm nedbør. Den våtaste sommardagen så langt har vore 5. juni med 34,9mm nedbør. Tala er henta frå Yr.no med Etne som lokasjon.
— I juni har det vore over normal mengde nedbør, seier Haldis Berge, opphavleg etnebu, som er meteorolog for Meteorologisk institutt.