SNO trur ikkje jerven blir eit problem
Sjølv om det er blitt observert jerv i Etnefjellet er det liten grunn til å tru at rovdyret vil bli eit problem framover, meinte Rein Arne Golf frå Statens naturopppsyn då han orienterte om rovvilt for medlemmene i Etne Sau og Geit.
I Hordaland blei dei i perioden 2013 til 2017 registrert 81 skadar på sau og lam forårsaka av jerv. Åtte av desse var i 2017 og vart registrert mellom anna i Odda og Røldal, viser statistikk frå Miljødirektoratet. Tidlegare i år blei ei tispe og to ungar avliva ved eit hi i Suldal, og i Etnefjella er det meldt om fleire observasjonar av jerv dei siste åra. Men om det i dag finst jerv i området er usikkert.
— Det vandrar rundt 340 jervar i Noreg totalt. Dei vandrar langt og kor dei er til ei kvar tid, er det ingen som veit. Eg kan ikkje seia at det ikkje er jerv i Etnefjellet, men å tru at de vil få eit jerveproblem framover trur eg ikkje, sa Rein Arne Golf frå Statens naturoppsyn under eit møte arrangert av Etne Sau og Geit onsdag.
Bakgrunnen for møte var frykt rovdyr når beitesesongen nå står for dyra, og med bakgrunn i unormalt store tap i fjor.