Rikke Heggebø ekspederer Jimmy Næs som var den første butikksjefen i Bunnpris Etne. At Bunnpris no stenger dørene synest han er trist, men legg til at han kanskje ikkje er så veldig overraska.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Slutt etter 143 år
Etter nesten 143 år med samanhengande daglegvarehistorie i lokala til Ente Forbruksforening på torget i Etnesjøen, small dørene att for siste gong denne veka.
Eigentleg hadde dagens leigetakar, Bunnpris Etne AS, planlagd å ha siste dag med open butikk sist laurdag. Men då det framleis var varer att i hyllene, vart dørene opna også måndag. Sjølv om mange kunne glede seg over 70 prosent rabatt på varene, så er det nok for fleire som ser med vemod på det som truleg var siste dag med daglegvarehandel på staden, den einaste i bygda med sundagsope.
Ingen interessentar
Historia til Etne Forbruksforeining strekkjer seg heilt tilbake til slutten av 1800-talet. Selskapet vart formelt stifta 26. februar i 1877 av lokale bønder som ville sikre omsetnad på varene sine. Opp gjennom historia har driftsforma vorte endra i takt med samfunnsutviklinga, men opp gjennom alle åra har sal av daglegvarer vore den raude tråden. Men no er det mest sannsynleg slutt på det.