Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Mange barn gruar seg til skolestart, ifølgje Røde Kors. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Mange barn gruar seg til skolestart, ifølgje Røde Kors.

Skulestart utan glede

NPK-NTB: Røde Kors» samtaletilbod har fått fleire førespurnader frå barn som gruar seg til skulestart.

Den anonyme samtaletenesta for barn og unge ( Kors på halsen ) har i sommar hatt stor pågang. I sommarvekene då skulane var stengde, fekk tenesta inn nærare 4.600 førespurnader, nesten 60 prosent fleire enn i fjor sommar.

Fleire har gitt uttrykk for at dei gruar seg til skulestart. Samtidig er mange foreldre bekymra for hausten på vegner av barna.

Organisasjonen fryktar no at mange unge kan få eit tøft møte med skulen etter nesten eitt og eit halvt år med mange koronatiltak.

– Vi ser at det er mange barn som gruar seg til å byrje på skulen igjen. Skulepress, mobbing og einsemd er blant det dei tek opp med våre frivillige, seier Nelli Kongshaug, leiar i Kors på halsen.

Også foreldre er bekymra for hausten på vegner av barna. Ei undersøking Opinion har utført på vegner av Røde Kors, viser at fire av ti foreldre er bekymra for at barna er svekte anten fagleg eller sosialt på grunn av pandemi og nedstengingar.

– Dei siste vekene før skulestart har vi sett ein auke i andre typar spørsmål om vennskap, einsemd og skulen. Nokon lurer på korleis dei kan få nye venner, korleis dei kan få hjelp for mobbing eller korleis dei skal handtere karakterpress eller angst, seier Kongshaug.

Powered by Labrador CMS