Roar Knudsen med beviset - Det Gylne Sagblad - på at Knudsen Døfabrikk AS er årets bedrift i Norske Trevarer.
FOTO: PRIVAT
Skånevik-verksemd kåra til Årets bedrift» i Noreg
Ein glad og overraska dagleg leiar, Roar Knudsen frå Knudsen Dørfabrikk AS i Skånevik, kunne under festmiddagen på landsmøtet til bransjeforeininga Norske Trevarer stige opp på podiet for å motta Det Gylne Sagblad». Det er ein heider som kvart år delast ut til Årets bedrift» blant dei nesten 300 medlemmene i den nasjonale foreininga.
— Dette er veldig stas, og så bra som det kan bli, seier ein blid bedriftsleiar når Grannar ringer han opp for å gratulere måndag føremiddag.
Då var det berre ein halvtime til prisen skulle feirast med kake for dei tilsette på fabrikken.