I forskingsprosjektet RESTORE skal det undersøkjast korleis restråstoff frå lokalt jordbruk og skogbruk kan brukast til å danne verdifulle produkt og samtidig redusera klimautslepp og avfall.
Arkivfoto: Anne Karin Stautland
Skal forske på berekraftig gardsdrift
Eit forskingsprosjekt ved Mære landbruksskule skal undersøkje nye metodar for å lage nye produkt, men samtidig redusere klimagassutslepp og avfall.
NPK: I ei pressemelding frå Landbruks- og matdepartementet skriv dei om forskingsprosjektet Restore, på Mære landbruksskule, som skal nytte restråstoff frå jordbruk og skogbruk til å danne verdifulle produkt, men samtidig redusere klimagassutslepp og avfall.
Ein viktig del av prosjektet er å kunne demonstrere produksjon av biokol, og korleis biokol kan nyttast på ulike måtar, som til dømes i jord, husdyrgjødsel, til reinsing, i fôr eller kompost.
– Ei utfordring for landbruket i åra framover vil vere å redusere utsleppa i jordbruket, utan å la det gå på kostnad av produksjonen. Vi treng meir kunnskap om korleis vi kan utnytte ressursane på ein berekraftig måte, seier Landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Hovudformålet med prosjektet er å arbeide mot ein lokal sirkulær økonomi der alle biologiske ressursar på Mæle landbruksskule blir utnytta til sitt fulle.
Restore blir finansiert gjennom Bionær-programmet i Forskingsrådet, og blir leidd av Mære landbruksskule i samarbeid med Sintef, Nibio og NGI.