Sju vil bli kommunalsjef
Blant dei kjende søkjarane er Bernt Hjelmervik (55) frå Etne, han er rektor ved Vats skule, Ottar Krakk (44) frå Skjold er i dag fagkonsulent i Tysvær kommune, Per Olav Lura (42) et skatteoppkrevjar og bur i Aksdal, Jimmy Næs (58) frå Etne er butikksjef og Inger Kathrine Sundve (45) er rådgjevar for barnehage i Vindafjord kommune og bur i Vikebygd.
I tillegg er det to kvinner på 49 og 59 år som har søkt på kommunalsjefstillinga, og dei har bede om å bli unntatt frå den offentlege søkjarlista.
Vindafjord har to stillingar som kommunalsjef, og Øyvind Valen sluttar i den eine ved utgangen av januar for å bli rådmann i Suldal.
Personalsjef Kristin Marie Dahle opplyser at det blir intervju av søkjarar dei to neste vekene, og deretter skal saka opp i tilsettingsutvalet i kommunen.