Ingen kom til skade då denne bilen HIM-bilen hamna utfor vegen i desember i fjor.
Foto: Svein-Erik Larsen
Sjå stadane i Etne som HIM-sjåførane fryktar mest
I dekningskommunane til Haugaland Interkommunale Miljøverk er det berre i Etne at dei har opplevd uhell med renovasjonsbilar sidan 2010, og det to gonger. Det går fram av ein merknad som HIM har sendt til Etne kommune i samband med rullering av kommunen sin trafikktryggleikplan.
Fire farlege stadar
Det siste uhellet skjedde i desember i fjor, då ein bil gjekk gjennom autovernet i Fitjefeltet i Etne.