Det var mange frammøtte i foajeen på Skakke under Kulturnatt i 2020.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Sjå kva som skjer: Kultur- og fritidsveke 11
Det skjer mykje rundt om i distrikta i veke 11. Det største arrangementet er Kulturnatt i Etne laurdag 15. mars med eit fullspekka program. Dagen byr på over 50 kulturinnslag for alle aldrar, inkludert teater, konsertar, tromming, legobygging, film og føredrag. Aktivitetane startar tidleg på dagen og varer til seine kvelden, med noko for ein kvar smak.
Litteratur, digital hjelp og fellesskap
Måndag 10. mars er det Sjoarakademiet på Vindafjord bibliotek, etterfølgd av Seniorgaming og Digihjelp. På kvelden inviterer Vindafjord Demensforening til Et kveldsmat med oss». Same kveld held Etne Mållag årsmøte.