Marit Espeland Riise hjelper til når Jostein Håvardsen frå Jæren vil kjøpa geitost for å ta med heim til far sin.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Siste for Langfoss-kiosken
I 27 år har han stått der, Langfoss-kiosken, i ei eller anna format. I august er det over og ut, for til neste år står eit heilt nytt besøkssenter klar til å ta i mot turistar som vil sjå den verdskjende fossen.
Det er høgsesong i kiosken ved Langfoss, og med temperaturar som drar seg opp mot både 26 og 27 varmegrader, er det ei heit affære å stå bak disken. Men det gjer Marit Espeland Riise (16) med glede, og ekspederer Jostein Håvardsen frå Jæren som har tatt ein kjapp stopp ved fossen, etter brevandring på Folgefonna.
— Eg må alltid stoppa her for å kjøpa geitost til far, seier han.
Og han er ikkje åleine om det, for det er travelt i den vesle kiosken. Spesielt i helgene, for turistane let seg stadig imponera over det spektakulære fossefallet. Så handlar dei etterpå.