Siste brannkurs i Eiabakken
Eiabakken 4 ligg rett ovanfor beredskapssenteret i Ølen, og har sidan 2008 tatt i mot vel 5.000 elevar i 6. og 9. klasse i Etne og Vindafjord. Frå neste år av planlegg Haugaland brann og redning IKS eit nytt opplegg over heile sitt område, som i tur kjem frå nasjonalt hald. Ordninga der skuleungane kjem til eit ekte, gammalt og brannfarleg hus, for å bli gjort merksame på alle brannfellene som kan ligge på lur i heimen, har vore unik for lokalområdet. Kompetansekoordinator Solveig Hortman i Haugaland brann og redning IKS har vore med på dette heile vegen, og synest at opplegget har fungert veldig bra.
— Eg føler at eg har blitt kjent med ungane oppigjennom åra, og at me saman har klart å auke kunnskapen om brann- og el-sikkerheit, og skape ei tryggheitskjensle om temaet. Når eg har treft mange av dei seinare så kjenner dei meg igjen som brann-dama», og det er veldig hyggeleg. Dette opplegget har vore med på å auke kunnskapane og brannsikkerheita i kommunen, det trur eg verkeleg. Og så må eg takke kommunen for at me har fått låne huset her, seier Hortman.
Farlege støpsel