Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kommunen sitt arbeid for å trygge skulemiljøet ved Enge skule (bildet) og Skånevik skule blir sett under lupa i månadene som kjem.Foto: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Enge skule i Etne.

Set skulemiljø under lupa

Publisert Sist oppdatert

Det har med ujamne mellomrom komme meldingar knytt til mobbesaker i skulen, og tilbake i 2017 viste ei elevundersøking at meir enn kvar tiande elev i grunnskulane i Etne kommune kjende seg mobba. No skal det psykososiale miljøet for grunnskule-elevane ved Enge skule og Skånevik skule bli gått etter i saumane, gjennom ein såkalla forvaltningsrevisjon.

Kommunane skal kvart år skal gjennomføre forvaltningsrevisjonar, der det blir gjort eksterne undersøkinga av kommunale tenester. Og no nyttar politikarane høvet til å gjere ei større kartlegging av i kva grad kommunen evnar å trygge skulemiljøet for barn og unge i grunnskulen.

Formelt var det ei prioritering som kontrollutvalet kom med i ei prioritert innstilling til kommunestyret som vart vedteke i fjor haust, og som no materialiserer seg i ein konkret undersøking. Føremålet med prosjektet vil vere å undersøke om skuleeigar og den enkelt skule arbeider systematisk for å sikre eit trygt og godt skulemiljø for elevane i grunnskulane i Etne kommune, som om skulane har rutinar for å handtere og følgje opp tilfelle der elevar ikkje har eit trygt og godt skulemiljø i samsvar med krav i opplæringslova.

Powered by Labrador CMS