Eileen Selland Etne kommune, Karoline Aartun, Sjur Helge Ramstad, ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, Jørgen Moen og Sigurd Malvin Søvik med Miljøfyrtårn-beviset.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Næringsliv
Set miljø i sentrum
Dei er opptatt av å tenkja miljø i alle arbeidsoppgåvene dei utfører. Nå har firmaet Søvik & Ramstad i Etne fått synleg bevis på sin innsats.
— Det er bra å tenkja miljø, seier Sjur Helge Ramstad.
Saman med Sigurd Malvin Søvik driv han firmaet Søvik & Ramstad i Etne som nå er sertifisert som Miljøfyrtårn. Det synlege beviset fekk dei to eigarane av ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim som overrekte plakett og delte ut lovord under ei markering på kontorfellesskapet Medvind i Sandeid.
— Det er kjempestas å få dela ut Miljøfyrtårn. Me veit at det er lagt ned mykje arbeid i å bli sertifisert og frå Etne kommune si side er me alltid stolt når me har bedrifter som har tatt dette på alvor, sa ordføraren.