Set føringar for Dommersnes-plan
Etter ei synfaring sendte formannskapet tysdag detaljregulering for industri- og hamneområdet på Dommersnes i Vikebygd på høyring. Dei la til fire punkt for vegen vidare.
— Det er viktig at me seier noko direkte om kva me vil, sa Øyvind Valen (Ap) under formannskapsmøtet.
Der fremja han tre tilleggspunkt, som blei supplerte av eit punkt frå Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista). Politikarane lada opp til møtet med å ta ein nærare kikk på området.
Fleire frå administrasjonen i Vindafjord kommune, Peter Sonnenberg i Norconsult og dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port var med på synfaringa.
Vil ha noko til bygda
Valen sitt første tilleggspunkt var at planen som skal leverast inn før anleggsstart, skal bli vedteken i eit politisk utval i kommunen, samt at han skal vise tiltak for å hindre støvspreiing. Utvalet blir i utgangspunktet Utval for drift, utvikling og kultur (DUK). Dette punktet fekk brei tilslutnad frå dei som nemnde det i debatten, og gjekk gjennom einstemmig.
Meir diskusjon blei det rundt det andre punktet om bruk av massar til samfunnsnyttig utnytting. Valen ønskte å få med at mellom anna delar av overskytande massar etter utfylling i sjø i fase 2 og/eller fase 3 skal stillast gratis til rådvelde for bruk til utbetring av fylkesvegen og opparbeiding av resterande sykkel- og gangsti i Vikebygd sentrum.
Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) sa at han ikkje trudde dei burde ta inn dette punktet, med vising til vanskane med å få det til i praksis. Varaordføraren såg utfordringane, men vektla viktigheita av det samfunnsnyttige formålet høgare. Punktet blei vedteke med sju stemmer mot Vierdal og partikollega Arild Roar Austrheim.
Opnar ikkje for opphogging
Bakgrunnen for prosessen som førte til at Westcon og Vindafjord kommune oppretta det felles selskapet Windafjord Port, som sidan gjekk vidare med eit planarbeid med Norconsult som konsulentar, er interessa for å utvikle Dommersnes industriområde til serieproduksjon for havvindnæringa.
Sidan har diskusjonen om alternativ bruk også blitt løfta fram i lyset. Det er også bakgrunnen for Valen sitt tredje punkt: Decom av større objekt er ikkje tillate. Dette vil krevja endring av reguleringsplan og ny konsekvensutgreiing.»
Decom er kort for eit engelsk ord som på norsk betyr dekommisjonering. Dette inneber nedbygging og demontering, altså opphogging.
— Eit punkt om decom vil vere eit signal. Me såg på sist folkemøte at det skapar engasjement, sa Vierdal, med referanse til eit folkemøte i bygdahuset i Vikebygd 4. desember, der opphogging av oljeplattformer blei presentert som eit alternativ.
Mats Årvik omtalte dette punktet som greitt for å skape tryggleik blant dei som har vore bekymra for at slik verksemd skulle kome til industriområdet. Forslaget blei einstemmig vedteke.
Saknar positvitet
Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista) løfta tanken om å be om utsetjing, men etter debatten og eit gruppemøte kom ho heller med eit fjerde punkt, som blei einstemmig vedteke. Dermed skal det, før andregongshandsaming, liggje føre ei konsekvensutgreiing knytt til støvspreiing.
Mange av politikarane ville understreka kor stor Dommersnes-planen er. Modolf Haraldseid (H) sende eit stikk til sine kollegaer.
— Eg føler det berre har blitt sett utfordringar i denne saka, sa Haraldseid.
Han ønskte å gå litt vekk frå dette og trekte fram moglegheita Vindafjord har til å utvikle eit industriområde som han i dag ser som uferdig. Årvik var ueinig i Haraldseid si oppfatning av at politikarane har vore så negative.
— Det er naturleg at me stiller kritiske spørsmål i ei så stor sak, sa Årvik.
Etter vedtaket blir planforslaget sendt på høyring. Forslag til reguleringsplan vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Foreininga Bevar Ålfjordens Perle, som arbeider mot planane, hadde allereie i forkant av møtet varsla at dei vil sende ei liste med 27 punkt med sine vurderingar og kommentarar til planforslaget som eit høyringsinnspel.
Eit selskap eigd av gründeren og næringslivstoppen Kjetil Vikingstad frå Karmøy kjøpte i fjor ei tomt som ligg i det omstridde området. Han har stått fram og sagt at familien hans vil utarbeida ein alternativ moglegheitsstudie. Sist veke sa han til Haugesunds Avis at dei nyleg hadde eit møte med Vindafjord kommune om moglegheitsstudien – og at dei er godt i gang med å utarbeida planen.