Inga Klokkerstuen Wangensteen og Inger Karin Sælland Tesdal i Etne hagelag inviterer til hagekveld på Skakke.
Irene Mæland Haraldsen
Set beredskap på agendaen
I byrjinga av mars står Etne Hagelag klar
med ei ny storsatsing. Tema for kvelden er beredskapshagen og denne gong får
publikum læra korleis ein kan forvandla hage og plen til eit nyttig spiskammers
i krisetider.
Ekteparet Barbro og Anders Norum frå Valdres er invitert til å
fortelja om beredskapshagen og korleis ein kan dyrka mat av eigen plen. Foredraget vil gi ei enkel innføring i eigen og
andre si erfaring og kunnskap når det gjeld dyrking og lagring av ulike
grønnsaktypar, der også gammal kunnskap har ein plass. Foredraget vil også
handla om jord og jordeliv, og korleis ein kan få ei god og fruktbar jord med
hjelp av lokale og minimale ressursar, uavhengig av hagesenter.
— Dette er eit aktuelt tema som
set fokus på kva ein kan gjera sjølv. Dersom alle gjer litt kan ein skapa
mykje, seier Inga Klokkerstuen Wangensteen og Inger Karin Sælland Tesdal frå
styret i Etne Hagelag.