Harald Garvik Arefjord (t.v.), Jaran Larsen Tendal, Olai Aga Larsen og Gaute Tveiten kosar seg på discgolfbanen i Skånevik ved eit tidlegare høve.
ARKIV/SVEIN-ERIK LARSEN
Sesongopning for populær bane
— Velkomne skal alle vere, skriv Skånevik Discgolf
i eit Facebook-innlegg.
Tidlegare i veka
inviterte dei til dugnad laurdag med arbeidsoppgåvene å rydde hol 8 for greiner
og kvist etter skoging, rydde ved hol 1, feste banekart på kvart hol, gå over
med kantklippar, grensaks eller ryddekniv og kutte ned bjørkespirer som er på veg
opp på heile banen, sørgje for generell rydding av kvist på alle hol og ta
eventuelt anna som manglar i løypa, som bru, trapp eller benk.
Laurdag kveld omtalar dei
økta som ein godt gjennomført dugnad.