Turister på fottur i fjellheimen. Tre turgåere med ryggsekker, i grønt fjell-landskap.
Foto: Halvard Alvik, NTB / NPK
Seks av ti er i gang med ferieplanlegginga
Mange kryssar fingrane for at det skal bli mogleg å bruke årets sommarferie i utlandet, viser ei undersøking frå Virke Reiseliv.
Seks av ti planlegg ferie i sommar, og like mange som før har planar om å ta haustferie, viser tal frå Virke Reiselivs befolkningsundersøking.
Med koronavaksine og betre avbestillingsmoglegheiter aukar sannsynet for at folk vel å ta årets sommarferie i utlandet. Mange trur at smittesituasjonen vil betre seg såpass mykje gjennom året at det vil bli mogleg å reise til utlandet igjen.
Om styresmaktene ikkje rår mot slike reiser, er det sannsynleg at nesten halvparten av dei som skal på sommarferie, reiser til utlandet i 2021, viser undersøkinga. Spania, Hellas, Sverige og Danmark er utanlandsfavorittane.
Noregsferie
Samtidig trur sju av ti at koronapandemien òg vil setje sitt preg på årets sommar, og dei fleste planlegg derfor noregsferie. Fotturar og andre naturbaserte aktivitetar ser ut til å tiltrekkje mange, og Vestland seglar opp som ny favoritt blant dei som vil ta ferien i eige land.
– Vi gler oss over at mange planlegg å reise både til utlandet og i eige land i 2021. For verksemdene handlar det no om å halde ut til aktiviteten kjem i gang igjen, og om å førebu seg på den dagen folk igjen skal reise, seier Astrid Bergmål, leiar av Virke Reiseliv.
Reisebudsjettet per husstand er i år på 35.350 kroner i snitt. Det er ein nedgang frå undersøkinga i fjor, då gjennomsnittsbudsjettet var 43.050 kroner.
Meir opptekne av miljø
Samtidig seier nesten éin av fire, 23 prosent, at dei er meir opptekne av å reise miljøvennleg no enn før pandemien. Motsett seier berre 5 prosent at dei er mindre opptekne av dette enn tidlegare.
– Folk er meir opptekne av å velje reiser som tek omsyn til miljøet og av berekraft enn før. Dette er ein trend som har vorte forsterka under pandemien, seier Bergmål.