Omega 365 markerte samlinga i Haugesund. Frå venstre: Jan Stødle, ingeniørarkitekt i Omega 365 Areal; Vidar Nordnes, avdelingsleiar i Omega 365 Solutions; Kjell Spanne, administrerande direktør i Bo Andrén Norge AS; Astrid Eidhammer Hjelmeland, dagleg leiar i Omega 365 Design; Trine Halsnes, dagleg leiar i Omega 365 Protek; Gisle Heggebø, dagleg leiar i Omega 365 Areal; Jorunn Wathne Løhaugen, avdelingsleiar i Omega 365 Consulting; Petter Aalvik, konsernleiar i Omega 365; og Lauren McPherson Simonsen, kommunikasjonsleiar.
Foto: Omega 365 Design
Næringsliv
Samlar Omega-kontor
— Haugesundskontoret, eller Omega-bygget som me har byrja å kalla det, fungerer utruleg bra. Då me fekk nye kollegaer i Omega 365 Protek, meiner me det passar godt å feira no, når alle er på plass, seier avdelingsleiar ved Omega 365 Solutions, Vidar Nordnes, i ei pressemelding.
Omega 365 er eit globalt selskap med hovudkontor i Ølensvåg, som leverer prosjektstyringssystem og prosjektpersonell til nokre av dei største kundane og prosjekta innan olje og gass, helsetenester, infrastruktur, energi og konstruksjon. Selskap i Omega 365-gruppa leverer og subsea-ingeniørtenester, IT-konsulentar, arkitekt- og ingeniørtenester, areal- og samfunnsplanlegging, samt design og kommunikasjon.
I tillegg til hovudkontoret i Ølensvåg har Omega 365 regionale kontor i Bergen, Stavanger, Stjørdal, Kristiansund, Oslo, Tønsberg, Harstad, Sand, Sauda og Haugesund, samt internasjonale kontor i Danmark, Sverige, Storbritannia, USA, Canada, Guyana, Australia, Litauen, Frankrike og Singapore.