Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ein heilautomatisk mjølkerobot får meir mjølk ut av kua enn om ein tradisjonell mjølking. Dette fordi kua sjølv går gjennom mjølkemaskinen fleire gonger om døgeret, og dermed mjølkar meir. Dette er framtida ifølgje bonde Rune Sørheim som har drive mjølkeproduksjon med robot sidan 2006.Foto: Grethe Hopland Ravn

Rift om mjølkekvotar

Interessa for kjøp av mjølkekvotar for ku frå staten i 2021 er stor, og få produsentar får kjøpa heile kvotemengda dei har søkt om, melder Statsforvaltaren i Rogaland.

Årsaka er knytt til prisen for kvotemjølk frå staten som er lågare enn marknadspris og at få produsentar vel å selja mjølkekvota. Tal i frå Landbruksdirektoratet viser at det på landsbasis blei selt kvotar tilsvarande 10 millionar kumjølk i 2021, der 4 millionar av desse blei selt til staten og 6 millionar privat.

Høgast sal av mjølkekvote hadde Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. I Noreg er det registrert 11.483 eigedomar med grunnkvote. 107 av desse selte kvota si, noko som utgjer 0,9 prosent av eigedomane.

Powered by Labrador CMS