Lokal mat og drikke sel godt i Norge. Foto: Stiftelsen Norsk Mat
Lokal mat og drikke sel godt i Norge.

Rekordvekst for lokal mat og drikke

Salet av lokal mat og drikke set nye rekordar både i verdi og volum. I fjor vart det omsett for 12,3 milliardar kroner, ein vekst på 12,2 prosent frå året før.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er verkeleg flotte tal! 12,3 milliardar i omsetning, auke i alle salskanalar og i alle fylke. Auka etterspørsel etter lokal mat og drikke – trass i høge prisar og økonomisk press – viser at forbrukarane verkeleg ønskjer å handle desse produkta, sa landbruks- og matminister Geir Pollestad då salstala
vart lagde fram.

Omsetninga er størst i Viken fylke med 1,17 milliardar, ein auke på 9,7 prosent. Deretter kjem Vestland med 762 millionar, ein auke på 14,1 prosent. Vestfold og Telemark har den største prosentvise auken på 17,5 prosent, til 397 millionar. I Møre og Romsdal blir det omsett lokal mat og drikke for 340 millionar, ein auke på 12,9 prosent, medan Rogaland ligg på 495 millionar, ein auke på 11,5 prosent.

Statsråden meiner ein med desse tala er på god veg mot det ambisiøse målet om å omsetje for 25 milliardar kroner innan 2035.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS