Odd Skarpenes frå Randaberg kunne dar heim med ein flott pokal etter å ha vunne ein av tre konkurransane under motortreffet.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Odd Skarpenes frå Randaberg kunne dar heim med ein flott pokal etter å ha vunne ein av tre konkurransane under motortreffet.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Kirsten Fagerheim og Bent Ove Hartvedt frå Figgjo hadde tatt med si unike campingvogn.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Tore Kirketeig frå Grinde og fem andre medlemmer i Nord-Rogaland VW klubb tok turen til Ølen.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
140 bilar deltok på motortreffet.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Bilen som fekk flest stemmer av publikum gjekk vidare til semifinale og finale.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Det var opp til publikum å stemma fram den bilen dei likte best.

Rekordstor deltaking på motortreff

Til saman 140 bilar møtte opp i Ølen då Etne og Vindafjord Motorklubb arrangerte motortreff med konkurransar, premiering og kaffikos.

Publisert Sist oppdatert

Det vrimla av glinsande stasbilar i Ølen sentrum laurdag. Aldri før har så mange møtt til motortreffet i regi av Etne og Vindafjord Motorklubb ,og deler av Sjoargata og området rundt Ølen Senter var fullpakka av bilar frå heile distriktet. Både bergensarar, vossingar, jærbuar og lokale bileigarar hadde pussa støv av favorittbilane sine denne solskinsdagen for å treffa andre bilentusiastar og kosa seg i sommarsola.

— Dette er rekord. Forrige rekord var i 2019 med 120 bilar. I dag er det over 140, seier leiar i Etne og Vindafjord Motorklubb, Egil Viker Jørgensen.

Koronasituasjonen har sett ein liten dempar på programmet, og den populære haiketuren med bilturar i sentrum er tatt ut av programmet. Men i løpet av dagen er det rikeleg med aktivitetar å delta på. Tre ulike konkurransar står på programmet og her kan deltakarane sikra seg både pokal og pengepremie.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS