Reiser til Kenya for å hjelpa
Ekteparet Ove og Heidi Straumsøy pakkar koffertane 4. desember og reiser med dei fire borna sine til Swahili Coast Mission, ein misjonsbase i Kenya. Med mål om å kjempa mot fattigdom i området, starta ein norsk familie velgjerdsorganisasjonen. Familien Straumsøy har følgt misjonsbasen sidan oppstarten for fem år sidan. I 2020 hadde dei planlagt å reisa ned, men koronapandemien stoppa det den gongen. No, to born seinare, reiser dei endeleg nedover.
Og det er ikkje berre ferie dei skal på. Befolkninga i Kenya er sterkt prega av fattigdom, og det er spesielt mange einslege kvinner der. Straumsøy-familien har eit ønske om å bidra til misjonsbasen og folket. Dei har booka tolv kolli på flyet. I bagasjen har dei med seg varer frå apotek, fotballutstyr og innsamla pengar. Dei har òg ordna ei Kenya-liste» på apoteket i Etne.
— I år feira me 35- og 40-årsdagane våre. Då ønskte me oss pengar til å dekka reisa, så slik fekk me dekka den, seier Heidi Straumsøy.