Raudt-leiar omtalte politikarar som søppel
— Om folk på gata kallar oss politikarar for søppel, så meiner eg at vi politikarar må kunne tåle det. Men når politikarkolleger, som jo Raudt-leiar Vigdis Madssen er, omtalar andre politikarar som søppel, då går det for langt, meiner Gunleiksrud.
Han peiker på eit innlegg som Etne Raudt sin 1. kandidat til kommunevalet, Vigdis Madssen publiserte på Facebook-gruppa Dette snakker vi om Skånevik-Etne», ei gruppe som sist måndag hadde 1.619 følgjarar.
I eit lengre innlegg om kvifor Vigdis Madssen meiner folk bør stemme Raudt skriv ho: Vi har politikarar i dette landet lokalt og sentralt som lover og lyger så mye at mange mener det spiller ingen rolle om en stemmer eller ei. Samme søpla heile gjengen».