Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Rapport: Menn taper leveår, kvinner har dårlegare helse

Publisert Sist oppdatert
Rapporten frå mannsutvalet kastar lys over korleis sjukdom og død rammar menn og kvinner ulikt. Menn har fleire tapte leveår, medan kvinner har dårlegare helse.

Dette gjeld gjennom heile vaksenlivet, viser berekningar som inngår i sluttrapporten. Tala er henta frå det internasjonale sjukdomsbyrdeprosjektet – The Global Burden of Disease Study – GBD». Tala er henta frå 2019.

Sjukdomsbyrdeberekningane viser korleis ulike sjukdommar, skadar og risikofaktorar rammar ei befolkning i form av helsetap og dødelegheit.

– At menn har fleire tapte leveår enn kvinner, er ikkje spesielt for Noreg, men ein tendens over heile verda. Dette er knytt til biologiske forskjellar mellom menn og kvinner, men også til forskjellar i risikoåtferd og førekomst av risikofaktorar, seier forskar ved Senter for sjukdomsbyrde Ingeborg Forthun, som har gjort sjukdomsbyrdeberekningane for mannsutvalet.

Sjølv om dei same årsakene tek mange liv både blant menn og kvinner, er det likevel klare kjønnsforskjellar, særleg blant unge. Sjølvskade, vald, ruslidingar og trafikkulykker tek mange fleire liv blant menn enn blant kvinner, viser tala, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Forskarane har sett på sjukdomsbyrda totalt og har funne dei fem største årsakene til sjukdomsbyrde blant menn: kreft, hjarte- og karsjukdom, muskel- og skjelettlidingar, psykiske lidingar og utilsikta skadar.

– For kvinner består topp fem av kreft, hjarte- og karsjukdom, muskel- og skjelettlidingar, ein samlekategori av ikkje-smittsame sjukdommar og nevrologiske sjukdommar, seier Forthun.

Samlekategorien ikkje-smittsame sjukdommar omfattar gynekologiske sjukdommar som mange kvinner blir ramma av.

Powered by Labrador CMS