Råka av streiken
Tariffoppgjeret mellom Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) og Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA), enda i streik frå […]
Tariffoppgjeret mellom Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) og Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA), enda i streik frå og med 7. juni. Produksjonen av ost er stoppa, og det fører til at produsentane som leverer mjølk til dei streikeramma osteprodusentane ikkje får levert mjølka si. I følgje Tine kjem ikkje streiken til å gå utover forbrukarane fordi osten treng ei viss lagringstid, og dermed finst det ein god del på lager.
Halv rute
Distriktssjef i Tine Meieriet Vest, Ola Alne, seier at dei på laurdag berre køyrde inn knappe halvparten av den mjølka som normalt skulle vore levert. Då vart fleire bønder i Etne råka.
— Me har jo eigentleg råda bøndene til å bruke mjølka til ungdyr, kalvar, kyr og gris, men det kjem jo heilt an på kor stor lagringskapasitet den enkelte bonden har, uttaler han.
Alne seier at dei har prøvd å variere køyrerutene slik at ikkje den same bonden må slå ut mjølka fleire gonger. Alne ville ikkje opplyse meir konkret om kva plassar som har vorte råka i distriktet.
Bøndene råka
Ingvar Hammersland måtte laurdag slå ut 12.000 liter mjølk.
— Det aller verste med dette er at ein må kassere fullverdig mat, seier gardbrukaren.
Han meiner det er ei vanskeleg tid for å bruke mjølka til fôr. For tida har han lite kalvar og ungdyra beitar ute. Sjølv om alle bøndene får normal betaling for mjølka, meiner han det blir økonomisk tap uansett.
— Alle produsentane som leverer mjølk til Tine er medeigarar i selskapet. Difor tar Tine dette tapet i første omgang. Men i neste omgang blir det produsentane samla som sit att med rekninga.
Varierer
Margrethe Gudbrandsen, kommunikasjonssjef Tine Meierier Vest, fortel at alle bøndene må førebu seg på normal henting.
— Inntransporten av mjølk frå dette området er tilpassa det behovet til dei anlegga som er i drift, seier Gudbrandsen.
Ysteriet på Sand og Tine Meieriet Vest sine anlegg i Hardanger, Bergen og Sola er enno ikkje råka. Sistnemnde er ein del av Tine Meieriet Sør.
— Nokre dagar er det meininga at mjølka skal gå til ysteria på Jæren, og då kan det hende det er fleire bønder i distriktet som ikkje får levere mjølk.
Ho fortel at det er vanskeleg å vite når ein får levere, og difor oppfordrar ho bøndene om å førebu seg på normal henting.
— Kjem ikkje tankbilen den eine dagen, må bonden slå ut mjølka og førebu seg på ny henting neste gong, seier Gudbrandsen.
Mjølka i distriktet blir brukt til både konsummjølk som er vanleg drikkemjøk, og til produksjon av ost på ysteria. Det er altså dei dagane der mjølka skulle vore levert til ysteria på Jæren at bøndene ikkje får levere.