VIl merkast av tredagstrafikantane. Tour des fjords-feltet vil legga beslag på ein stor del av dei lokale vegane ut over ettermiddagen.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Proffsyklistar gjennom bygdene
Det store proffsykkelløpet Tour des fjords passerer ei rekkje Grannar-bygder i fredag ettermiddag. Det betyr også stenging av vegar på ein av vekas mest trafikkerte dagar.
Sykkelløpet starta i Balestrand i Sogn og Fjordane onsdag 24. mai og har kursen sørover på Vestlandet. To dagar seinare startar tredje etappe i Odda kl. 13.00 og endar i Kopervik rundt kl. 18.30. Rittet medfører at fleire lokale strekkjer blir stengt for annan trafikk opp til eit par timar, midt i den travlaste fredagstrafikken.
Den 180 kilometer lange etappen frå Odda og vestover svingar inn på E134 ved Skare der det store feltet set kursen mot Åkrafjorden i Etne kommune. Der skal den vinterstengte og rasutsette gamlevegen på utsida av Åkrafjordtunnelen brukast som trasé.
Ifylgje Tour des fjords-arrangøren vil E134 ved Kyrping vera stengt frå kl. 14.00 til 16.00. Også i Etne og Ølen blir europavegen stengt ei god tid før det store feltet passerer, og totalt bortimot to timar. Her blir det neppe opning for vanleg ferdsel igjen før rundt kl. 16.30.