Kommunedirektør Bjørn Tollefsen og ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim leverte Miljøfyrtårn-plakaten til Ole Martin Grindheim i Etne Auto som synleg bivis på at bedrifta er serfitisert som Miljøfyrtårn.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Premiert for miljøinnsats
Nyleg kunne bilverkstaden motta synleg bevis på at dei nå er ført opp på lista saman 8396 andre bedrifter her til lands som ønskjer å dokumentera sin miljøinnsats.
— Føringane i Miljøfyrtårn er ting me har halde på med i mange år. Miljøfyrtårn dreier seg om sunn og god drift, seier dagleg leiar Ole Martin Grindheim som valde å registrera heile bedrifta i stiftinga etter at bilglasskjeden Riis Bilglas sette krav om sertifisering på alle sine avdelingar.
— Me fekk krav at den del av verksemda som handla om ruteskift måtte miljøsertifiserast. Då blei det naturleg å få dette for heile bedrifta, seier han.