Lena Gåsdalen i samarbeid med Vikebygd IL har opna nytt treningsstudio i Vikebygd.
FOTO: Irene Mæland Haraldsen
Populært nytt treningstilbod
I det nye treningsrommet i kjellaren på Joker-butikken i Vikebygd står treningsapparata på rekkje og rad. Her kan treningsinteresserte vikebuar og andre som ønskjer å betra forma ta seg ein trimrunde på tredemølla, testa kondisen på spinningsyklane eller ta seg ein runde på romaskina. Og ønskjer ein å trena styrke er vektstativa og treningsbenkane eit godt alternativ.
— Her kan ein trena styrke og kondis, seier initiativtakar Lena Gåsdalen og inviterer unge og vaksne velkomen til det nye treningsstudioet i Vikebygd.
Gunns Gym er ope for alle medlemmer i Vikebygd IL i alderen 15 år og oppover, og er tilgjengeleg frå 7 om morgonen til 23 om kvelden.