På sine faste plass med juletrea
Like ved inngangen til Ølen senter har juletreseljar Torstein Kåre Aasbø frå Bjoa funne sin faste plass. Her har han stått tallause gonger før i dagane før jul for å tilby lokalproduserte juletre til kundar som ønskjer seg eit ekte tre i stova. Dei siste åra har kundane blitt færre, men framleis er det mange som stoppar opp for å kikka på utvalet til juletreseljaren frå nabobygda.
— Dette var eit heilt perfekt tre. Smalt og fint, seier kunde Eva Windsand Vestre og vel seg ut eit kraftig og tett tre av typen Nordmannsedelgran.
Ho har aldri blitt freista av moderne plasttre som eit alternativ til ekte vare, og kan ikkje tenkja seg ei jul med ein glitrande plastbusk i stova.