Mange har enno ikkje sjekka det nye skattekortet sitt.Pressefoto
Mange har enno ikkje sjekka det nye skattekortet sitt.Pressefoto

Over halvparten har ikkje sett på skattekortet

Publisert Sist oppdatert
– Vi har no sendt ut ei påminning til alle dei som ikkje har vore inne og opna skattekortet. Eg oppfordrar alle som ikkje har gjort det til å sjekke at opplysningane stemmer og eventuelt endre skattekortet. Det gjer du enkelt ved å logge deg inn på Skatteetatens nettsider, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten, i ei pressemelding.

Har ikkje sjekka

Skattekortet bestemmer kor mykje skatt som vert trekt frå lønn og andre utbetalingar. I desember kvart år får alle lønnstakarar og pensjonistar skattetrekkmeldinga. Ho gir informasjon om skattekortet og korleis Skatteetaten har komme fram til kva den enkelte skal betale i skatt i 2021. I januar var det framleis 2,5 millionar skattepliktige som ikkje hadde sjekka om opplysningane stemte.

Huskeregel

Skatteetaten veit mykje om dei økonomiske forholda dine, men ikkje alt. Ein viktig hugseregel er at alt som påverkar privatøkonomien din vil kunne påverke skattetrekket ditt. Du har sjølv ansvar for å justere skattekortet ditt. Viss opplysningane er feil, kan du bli trekt for mykje skatt. Du får det til slutt betalt tilbake men det kan vere så seint som oktober 2022. Viss skattetrekket er for lågt, vil du etter kvart få ein rekning med restskatt å betale.

– Som følgje av koronapandemien har privatøkonomien for mange endra seg i 2020, eller vil endre seg i 2021. Det vil derfor vere ekstra viktig å sjekke at opplysningane vi har om deg er riktige, seier Gjengedal.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS